Me er begeistra for å kunngjere eit nytt konsept som vil berike heile Austevoll. Storebø Sauna er eit initiativ i regi av Austevoll Idrettsklubb - for velvære og fellesskap, plassert midt på Storebø.
Austevoll Idrettsklubb sin visjon er å tilby eit inkluderande, høgkvalitets bade- og saunatilbod som er tilgjengeleg for alle året rundt, og der overskotet går til å støtte frivilligheita i klubben og lokalsamfunnet.
Storebø Sauna skal vere eit samlingspunkt for helse og samhald ved sjøkanten, der lokalsamfunnet kan kome saman for å nyte, kontemplere og knyte band. Med sjøsida som ein vital del av opplevinga, ønskjer vi å skape eit miljø som fremjar velvære og inkludering, i tillegg til å vere eit ledd i den vidare utviklinga av området.
Velkommen inn i varmen
Ei ny varmestova på Storebø!
12 klipp
kr950950kr
Gyldig i 2 år
Best verdi
15 sesjoner hver måned
kr680680kr
Hver måned
20 klipp
kr1 5501 550kr
Gyldig i 2 år
Ja, ved er inkludert i prisen. Ein finner ved i kistebenkane i forrommet.
Ein standard saunasesjon varer i to timer, der tiden for oppfyring er inkludert.
For å ha saunaen heilt for deg sjølv, må du booka alle 12 tilgjengelege plassane. Me tilrår då å kjøpa eit 12 klipp og å bruka alle klippa på ei bestilling. Det er mykje billigare å betala for heile sesjonen.
Etter booking vil du få ein unik nøkkelkode, pr e-post, som lèt deg opna den digitale henglåsen. Berre la hengelåsen vera open frem til du forlet saunaen.
I tråd med bruksreglane våre, skal saunaen latast etter seg i den tilstanden du fann han. Me tilbyr grønsåpe og nal for enkel reingjering. Ver vennleg og svabra vatnet på golvet ut hovuddøra og vask over benkene.
Nei, saunaen er sjølvbetjent og det er ditt ansvar å varma den opp. Dette bidreg til å halda kostnadene nede, og gjer Storebø Sauna til eit av dei mest prisvennlege alternativa på Vestlandet.
Saunaen kan brukast åleine av personar som er 18 år og eldre. Personar under 18 år må vera ifølgje med ein voksen.
Storebø Sauna tilbyr ei enkel og autentisk oppleving med eit omkledningsrom og tilgang til reint, friskt sjøvatn. Det er ikkje dusjfasilitetar tilgjengelege.
Austevoll IK, som er ein ideell organisasjon, eig og driv Storebø Sauna. Overskotet frå prosjektet blir brukt til å forbetra dei sportslege og fritidsaktivitetane me tilbyr i Storebø.
Først og fremst, sjekk spam-mappa di då koden kan ha hamna der. Viss du framleis ikkje finn han, vennlegast kontakt oss via chatten på nettsida, så vil me omgåande senda deg ein ny kode.
For å reservera ein sesjon, naviger til bookingkalenderen vår på framsida av nettsida. Vel den sesjonen som passar deg best og klikk på "Book". Deretter vil du bli beden om å fylla ut eit skjema og fullføra betalinga. Etter betaling vil du få ein kode og ytterlegare informasjon frå oss.
En kan ikke kjøre bort til selve badstuen. En må parkere her: